borgfhs
Ålesund 108 år gamal askeladd
Written by Anette Moen og Ottar   
Tuesday, 24 January 2012 13:52

Ålesundarar feirar bybrannen. I år gjorde Borgund-elevane det ilag med dei innfødde.

 

Eit kjempetog rusla midtnattstid gjennom byen i spora etter bybrannen for 108 år sidan. Den entusiastiske museums-styraren som guida folkemngda med anekdoter, historiske fakta, song, entusiastiske rop, ivrig gestikulering og stort personleg engasjement, heldt oss fangne frå kl. 02 til 04 på natta.

Folk let seg informere og imponere over dramatikken og iveren. Brann-natta 23. januar 1904 gjorde 10.000 menneske heimlause. Ikkje mindre imponerande var iveren i gjenoppbygginga av det som idag er kjend som Jugendstilbyen framfor nokon.

 

 

Over oss spela nordlyset sitt eige akkompagnement til brann-historia. Litt trøyttare enn vanleg gjekk borgarane til sengs utpå morgonkvisten, for så å vakne opp til ekstra fin måndags-lunsj.