borgfhs
Venne- og familiehelg
Written by randi   
Monday, 14 November 2011 08:51

Den “vanlige timeplanen” har i to veker vore bytta ut med musikalarbeid. Alle elevane og lærarane har jobba mot eit felles mål: At ein sjølvskreven musikal skal framførast for venner og familie!

Det er vanlig med “Venne og familiehelg” i november, men uvanlig at heile Mumifamilien dansar på scena.



Venne og familiehelga starta fredag med kveldsmat og kulturkveld i gymsalen etterpå.
Her presenterte solidaritetkomiteen årets innsamlingsprosjekt. Dei hadde utlodning og café.
Vi fekk sjå bilder frå turane gjennom hausten og frå livet på skolen.
A capella gruppa imponerte med nydelig sang og heile skolekoret sang, oppdressa i haremsbukser og sjal frå Israel.

 



Lørdag starta med guiding i Ålesund. Tre busser på rundtur i byen i strålande sol. Veldig kjekt å kunne vise fram byen ein slik dag.
Ei fullpakka helg er over.

TAKK til alle som kom og var med oss.