| Eventyr i barnehagen |
| Written by ottar |
| Wednesday, 09 November 2011 14:36 |
|
Idag tok PR-gruppa for musikalen rundtur til barnehagar for å drive opp interessa for framsyningane over helga. Nokre gråt då kaptein Sabeltann viste seg i døra. Andre syntes Tigergutt var litt skræmande. Men det gjekk seg fort til. Ikkje alle tigrar er farlege. Ikkje alle bjørnar heller. Og når vi fekk heile avdelinga til å synge Ole Brum-songen og klappe Tigergutt på magen, var alle sorger slukt.
Rødhette, Peter Pan og Tingeling var stort sett berre populære. Sjøl om alle visst at ulven hadde fortært bestemor, så gjekk det visst godt til slutt. Verst for ulven.
Stor stas at publikum går på Ole Brum og Tigergutt-avdelinga.
Fins det noko mjukare enn ein tigermage? |






