borgfhs
Borg Fairy Tale
Written by ottar, foto: Martine   
Wednesday, 02 November 2011 14:04

 

Daglege oppdateringar her: http://www.facebook.com/groups/267592656610680/

Manusgruppa har sveitta og skrive i fleire veker. I alle rom vert det no mekka, snekra, sydd, dansa, spela ... For heile elev-flokken er engasjerte. Dansegruppa er ikkje heilt  synkroniserte enno. Det flyt med stoff og  trådar og smårusk på forminga, og symaskinene surrar trufast.

 

 

I bandet er det enno kvar mann som best han kan, men av og til kan ein ane ein tanke harmoni.

 

Berre PR-gruppa har gode dagar. Med beina på bordet på personalromet kan dei gjere jobben sin med å fore opp Facebook, ringe barnehagar og skular for å skaffe publikum og designe trykksaker i mange format. Følg med på dei daglege oppdateringane på Facebookgruppa: borgmusikal 2011.

Også i år handlar det om surr i eventyrforteljingar. Denne gongen med Peter Pan som gjennomgangsfigur. Det skal bli stemning i taket på foreldre-samlinga neste helg.