borgfhs
Israel farvel
Written by ottar   
Thursday, 20 October 2011 21:18

 

 

 

Borg vender kursen heim til sluddbygene og kuldegradene. Farvel til Jerusalem og Middelhavet for i år. 12 fantastiske dagar har gått fort. Så mykje har hendt sidan vi stupte i Middelhavet forrige tirsdag til vi idag set oss på flyet til Ålesund, at vi har mist oversikta.

 

Bibelhistorie, verdshistorie, dagferske politiske konflikter, religionsmøte, eksotiske smakar og utsikter har fylt dagane frå vekking kl 06.30 til midnatt. Vi har bada i varme kjelder, overnatta i beduintelt, studert romerske og jødiske meisterverk i antikken, følgd nytestamentlege forteljingar hakk i hæl og nytt sola og varmen. Vi har pruta oss til rikdom og fryktar overvekt på flyet heim.

 

No ventar ein ny kvardag både i Midt-austen og på Borgund. Igår fekk opprørarane i Libya has på Gadaffi, så kanskje det blir ein ny vår for fleire her omkring. Og heime ventar folkehøgskule-kvardagen.