borgfhs
Siste ord er sagt, siste pruting avslutta
Written by ottar   
Thursday, 20 October 2011 20:54

 

 

Siste ord for dagen i Israel vart sagt på Gordons Golgata. Vår siste dag gjekk i spora til Jesu siste dagar i Jerusalem. Men før vi kom til Hanegalkyrkja, besøkte vi Klagemuren der jødane idag hadde stor feiring av toraen på avslutninga av sukkot. Tora-rullar vart borne rundt til jubel og stor glede. Men vi fekk ikkje ta bilete.

 

 

Hanegalskyrkja er bygd over staden der Jesus vart forvart og forhøyrt av Kaifas. Der var det at Peter tre gongar nekta på at han kjende Jesus. Før hanen gol.

 

 

 

Gordons Golgata liknar det som kunne vore Jesu gravstad. Her er forvaringsstad for fangar, ei grav i fjellveggen og ein Hovudskalle-knaus.

 

 

 

Deretter bar det rett til handelsbodene i Gamlebyen og siste forsøk på å prute til seg eit skjørt eller ein kamel for ein tiandedel av utropsprisen. Somme lykkast.