| På innsida av Gamle Jerusalem |
| Written by ottar |
| Wednesday, 19 October 2011 22:22 |
|
Knapt nokon stad i verda tørnar århundra, religionane og verdensherrredøma saman som dei gjer i Gamlebyen i Jerusalem. Idag var vi der.
Gruppevis utforska vi ulike sider ved livet i denne verdas navle. I bydelen Nea Shearim møtte vi dei mest ultra av dei ortodokse jødane. I den kristne delen tok to av patriarkata imot oss. Vi gjennomsøkte Israels museum og vandra bymuren på langs.
Den armenske eminensen erkebiskop Aris Shirvanian møtte denne gjengen og tok med glede imot spørsmål om alt frå kvinnefrigjering til tradisjonen si makt i kyrkja. Armenarane har ei lidingshistorie som dekkjer århundre.
I den gresk-katolske patriarken sitt kvarter møtte His Grace Archemandrite Joseph Saghbini oss. Ein veldig levande mann inni ei veldig imponerande prestedrakt.
|


