| "Det lyser i stille grender" |
| Written by ottar |
| Wednesday, 19 October 2011 22:07 |
|
Vi har sunge julesongane vi kan. I Betlehem. Ikkje at det var så stille der. Og ikkje var stallen så liten og kummerleg, heller. Men det klang godt. Alle måtte audmjuke seg når denne inngangsdøra skulle passerast.
Somme tykte vaktene som passsa inngangen til den gresk-ortodokse delen av kyrkja, var skumle. Men guiden vår lurte oss rundt dei – elegant.
Betlehem er ein tur verd. Ei gruppe fekk møte ein palestinsk kristen som har hamna i ingenmannsland mellom fleire uforsonlege statar. Har ein ikkje Starbucks, så skaffar ein seg lett noko som liknar.
Alle fekk sjans til å besøke både Christmas Tree Restaurant og måtte forsere muren som skil dei palestinske område frå dei israelske. Dette er tøffaste sjekkpunkta vi har opplevd nokon stad. På rutebussen 'heim' til Jerusalem, var det tydeleg kvar grensa gjekk for kva som er rett hijab-drakt og ikkje.
|





