| Sol på sjø og sand |
| Written by foto: sven/svein, text: ottar |
| Tuesday, 18 October 2011 22:22 |
|
Morgonfuglar imellom oss fanga sola. Nydeleg rann ho over Dødehavet i 5-6-tida. Og like vakker over ørkensanden ved beduinleiren.
Somme valde eit bad i Dødehavet til soloppgongen. Ein stor gjeng var tidleg ute av soveposane i beduinleiren og strauk oppover haugane. Varmt og deilig, mystisk og eksotisk.
Sola svikta ikkje, og dei flamme-raude skjeret farga etterkvart både sanddyner, borgund-elevar og esel- og kamelryggar. Minne for livet, heiter det i folkehøgskulen.
|











