borgfhs
Yad va Shem
Written by ottar   
Monday, 17 October 2011 22:58

 

Heile holocost-historia vert framstilt. Veldig omfattande. Det tek visstnok 8 timar om du skal få med det alle tekstane, og enno lenger om du skal la alt synke. Det slo oss kor dyster ho er vår moderne lidingshistorie.

 

 

Eit tre var planta for dei som hadde gjort motstand for å hjelpe jødar. Eitt av dei står for den norske motstandsrørsla.

 

Ved utgangen er arkiv-hyllene med minne og namn for alle kjende og open plass for alle ukjende. Ein kuppel er pryda på innsida av bilete av somme kjende. Desse bileta speglar seg i ein brunn der spegelbileta er for alle dei ukjende. Ingen skal vere gløymde.