| Kamelar, beduinar og sand, sand, sand |
| Written by ottar |
| Monday, 17 October 2011 22:42 |
|
Fascinerande var det med jentehyl som akkompagnerte kamelen når han reiste og la seg. Elles jynga vi behageleg avgarde over ørkensanden og -steinen.
Somme følte det tryggare på eselryggar.
Den moderne tid har nådd også beduin-telta. Maten stod ikkje tilbake for noko hotell. Men det vart mange spørsmålsteikn då beduinen sjøl avslørte at han hadde tre koner og såg seg om etter den fjerde. Mot oss var han berre gjestfri og serverte både the og kaffi.
Og over oss lyste både stjernehimmelen og månen stor og gul.
|










