| Hotspot Masada |
| Written by ottar |
| Monday, 17 October 2011 22:27 |
|
For den romerske hæren 70 år e.Kr. var Masada hot spot i tre månader. Idag hottest spot på turen vår. Jerusalem hadde falle, templet brent og jødane spreidde til alle kantar. Siste heltemodige motstand mot den romerske okkupasjonen utspelte seg på festninga ved Dødehavet.
Romarane som prøvde seg, fekk lenge stein, kokande olje og piler over seg. Eit tusentals opprørarar heldt ut i tre månader takka vere ei lett forsvart festning og enorme ressursar av vatn og mat som kong Herodes hadde sørga for under oppføringa 70 år tidlegare.
Det starta som kong Herodes si 'hytte' på landet. Litt romsleg og eksotisk plassert, rettnok. Men ein triveleg stad å trekke seg tilbake til. Så eit festningsverk for opprørsstyrkar. Så nokre hundre år eit bysantinsk kloster. Før det nyleg vart grave fram og gjort tilgjengeleg for slike latsabbar som oss, som tek bana til topps.
Og som dei israelske soldatane seier som avlegg sin soldat-eid her oppe: 'Masada skal aldri falle igjen.' |









