| Palestina på kartet? |
| Written by ottar |
| Saturday, 15 October 2011 22:22 |
|
Vel 200 m under havet er det ganske varmt. Og varm velkomst fekk vi på gata i Jeriko også. Ein visitt innom morbærtreet som tollaren Sakkeus har gjort evig berømt, og ein tur gjennom sentrumsgatene i dette som skal vere verdas eldste by.
Her vert du vinka inn gjennom alle butikk-dører. Ein stad hadde dei t.o.m. framme Borg-sida på PC'n.
Det vanka både the og tolk. Kor mange ekteskapstilbod som verserte, har vi mist oversikta over. Men med ein 'bror' eller ein 'far' i kvar flokk jenter som vandra gatelangs, kjende vi oss både trygge og komfortable. Men denne 'palestinaren' heiter Jens og bur på Borg-internatet. Her med morbærtreet til Sakkeus i bakgrunnen.
|







