| Bading 400 m under havet |
| Written by ottar |
| Thursday, 13 October 2011 23:00 |
|
Idyllisk kan det vere på desse breiddegradene. Palmesus over oss og historiesus rundt oss. Romarar, ottomanar, arabarar, krossfararar, israelarar og mange andre folkeslag og rike har vandra over slettene her og veksla på hegemoniet. Tiberias er ein by som vitnar om sterkt romersk nærver ein gong.
No er det vi som held standplassen. Og vi brukar tida til ein dukkert, ein kopp espresso og ein iskrem under palmene og litt indiaca-leik på grasplenen.
|







