| Shalom - snart på vegen til Jerusalem |
| Written by ottar |
| Saturday, 08 October 2011 15:16 |
|
Her ved Middelhavet skal vi først residere, på Blue Bay hotel i Netanya. Rykta går om behagelege badetemperaturar. Etter kvart vert det sjanse til å stige levande opp frå Dødehavet, sende julekort frå Betlehem, vandre på Jerusalems eldgamle murar, besøkje beduinar i Judea-øydemarka, bli kjend med falaffel-smaken og mykje meir. Det blir lukter og smakar og utsikter dei færrast av oss har opplevd. Alle som har pakka solkrem, kjem til å få hyggelege dagar i eit av jordas mest sentrale, mest omstridde, mest urolege og mest fascinerande område. Dei som ikkje har anna å gjere ikveld, kan t.d. slå på den vakre julefilmen "Veien til Betlehem".
Shalom! |




