| I kongelege fotefar |
| Written by ottar, foto Synne Marie T |
| Thursday, 08 September 2011 18:42 |
|
Geirangerfjord heitte både båten som tok oss i hurtigfart innover og fjorden vi segla på. Timane på dekk måtte sjølsagt også brukast for å tiltrekke seg fotografane si oppmerksomhet. Her heng dei mest oppmerksomhets-hungrige til tørk.
På fjellhylla der den gamle garden residerer vel restaurert ønskjer Synne Marie velkomen til å nyte utsikta til m.a. hurtigruta som cruisar forbi. Turistane på panoramadekket kommenterer: "They must be crazy." Og det stemmer ganske godt for oss.
Ingen klaga på utsikta. Somme klaga på at oppoverbakken var i brattaste laget. Men humøret let seg ikkje merke.
Frå Skageflå bar det til fjells med rast på Homlong-sætra og deretter nedoverbakke til sjølvaste Geiranger, Noregs mest fotograferte stad. We will be back. Doktor Tom tok seg av både gnagsår og sjelesår også denne dagen. Dei kan meir enn sitt Fadervår i Amerika!
|








