borgfhs
Slogen under våre føter
Written by ottar   
Friday, 02 September 2011 09:48

 

Torbjørn gir dei siste instruksjonane før avgang frå Patchellhytta. Dit hadde regnet følgd oss heilt til døra. Men vegen vidare opp fjellsida var bada i sol. Litt skodde kring toppen gjorde det heile berre meir trollsk. Og nifst.

Utsikta undervegs var upåklageleg. Norangsdalen låg grøn og vakker under oss omkransa av vakre, venlege og ville fjell. Traktorane hausta grønt gras. Og livet såg ut til å gå sin glade gang nedi sivilisasjonen.

På toppen var det meditasjon til Rolf Jacobsens dikt: "Mere fjell". Hege Stensland stod for deklameringa."Av og til må noe vare lenge, ellers mister vi vel vettet snart," skriv Jacobsen, og fjell må vel vere noko av det mest varige. "De står her nå som landemerke for din død, din uro, kanskje dine håp. Så du kan gå der forbi og holde i noe hardt."

Så braut jubelen laus over at absolutt alle lykkast å overvinne høgdeskrekk, mjølkesyre, stive kne, vonde lår og gnagsår og kreka seg heilt til topps. Ei med sveitsisk statsborgarskap, ein amerikanar og folk frå alle norske landsdelar. Dei har alle dette fjellet å halde i når dei skal navigere vidare i livet.

Varmt  vart det også. Somme var meir solhungrige enn andre. M.a. Camilla, Hege og Stian tok det heilt ut.

'Sunnmøre i stein' var svaret på spørsmål om kva vi kan kalle ein tur som dette.

Se flere bilder!