| Folkehøgskule-dåpen |
| Written by ottar |
| Monday, 22 August 2011 11:43 |
|
Nærmiljø-fjellet vårt heiter Høgkubben sjøl om det berre er vel 400 m høgt. Og første søndagen skal det bestigast. Det gjorde sanneleg heile gjengen som igår hadde sin første heile dag på Borg. Men dei 400 høgdemetrane var vel helst for lite å rekne samanlikna med det vér-gudane utsette oss for. Det regna konstant. Vi trakka stien svart og sølete. Lite utsikt var det på toppen. Men var det nokon som sutra? Ikkje ein einaste. Og frå no av kan alt berre bli betre. Det skal bli mykje moro. |



