|
Written by ottar
|
|
Saturday, 19 May 2012 11:13 |
|

Så er det over. Somme lengtar allereie tilbake til gode gamle Borg, eller i alle fall til alle folka der. Lærarane og stippane fekk tårene fram då dei rulla ut dette banneret frå galleriet under "døren låses, porten lukkes"-songen. Og kanskje det var meininga? Men det er heilt sant det som står skrive.
- Og så er det berre knapt 8 mnd til fjorårs-treffet! |
|
Written by ottar (txt), jens (photo)
|
|
Wednesday, 09 May 2012 21:15 |
|
Så glad kan ein hedmarking bli når USA-klassa slår alle. Dei hadde storsigrar bak seg, 10-0 og deromkring. Men til sist vann dei også over personalet i finalen. No er dei Borg-meistrar i fotball, også.

|
|
Read more...
|
|
Written by ottar (txt), matthias (photo)
|
|
Wednesday, 09 May 2012 09:49 |
|

Ingen klagar på utsikta på fugleøya Runde. Somme klagar på veret, men ikkje idag. Med grill, varme kle og sitjeunderlag vart det både trivsel og fuglelliv.
|
|
Read more...
|
|
Written by ottar (txt), synne (photo)
|
|
Saturday, 28 April 2012 22:59 |
|

Aldri har så mange blitt så våte i så ugjestmilde snøbyger for å hjelpe så mykje!
Bak ryggen på fiskarkjerringa på Kiperviktorget hang einaste banneret som overlevde. Medan trafikken stod stille og venta på brøytebil på Ørskog-fjellet, bølgjene gjekk høgt på Borgundfjorden og snøbygene piska mellom Jugendstil-husa, gjennomførte Borg-elevane det årlege sponsorløpet til inntekt for CHRISC-prosjektet i Kenya som om ingenting ekstra stod på. Kven skulle trudd at suraste, sintaste, våtaste og villaste laurdagen sidan jul skulle kome akkurat idag!
|
|
Read more...
|
|
Written by ottar (txt), synne (photo)
|
|
Thursday, 26 April 2012 20:20 |
|
Det er tid for avslutningar. Seminar og grupper, gjengar og klasser skal avsluttast. Det tek tid og skal gjerast skikkeleg. Idag starta USA-klassa nedtrappinga mot avslutninga. Vi nytta vårsola og drog til Emblemsanden med ein skrukkete grill, kubbespel, ballar, brus og burgerar.
Ein fin gjeng når dei smiler i sola. Sjøl grill-sherpaene var i rimeleg bra humør.

|
|
Read more...
|
|
Written by ottar (txt), sabine (photo)
|
|
Thursday, 26 April 2012 20:15 |
|
... tok de seg både ei brødskive og litt søtt. For det var Sukkertoppen dei hadde bestige.
Chillan-seminaret gjorde ein av dei vakrare og trivelegaste turane i nærmiljøet. Det andre byfjellet som omgir Ålesund, ligg der som Sukkertoppen med Kristusstatua i Rio. I deilig vårsol med kvitveis i bakkane og utsikt til både Sunnmørsalpane og skjærgården ved Runde.
Ikkje rart dei er glade:

|
|
Read more...
|
|
|
|
|
Page 1 of 13 |