|
Written by Karianne Dale (txt og pix)
|
|
Wednesday, 04 November 2009 01:00 |
|
Leiaren for koret, Alice Krogsæter, ser ut til å ha full kontroll over songfuglane. Det skal nemleg godt gjerast å få lyd i 15 trøytte elevar ein heil dag. Men etter litt mat i magen ser det ut til at dette ikkje skal vere noko problem.
Koret, som består av 2 gutar og 14-15 jenter, har fått utdelt stemmer. 2 av jentene vekslar i tillegg mellom kor og band, så flittige er dei alle saman! Det skal dermed ikkje stå på engasjementet deira, så hard og nøye øving vil nok gjeve gode resultat, sjølv med pen og tekstunderstreking og stryking! Songane som koret deltek på er
- ”Askeladden sin song”
- ”Ulven sin song”
- ”Fortellaren sin song”
- ”Barbie sin klagesong”
- ”Barbie og Askeladden sin song”
- ”Askeladden og Rødehette sin lovesong”
- ”Ulven og Rødhette sin song”
- ”Venner”
Og songen det blei øvd intenst på i dag var Rødhette og Askeladden sin lovesong, og den har dei fått kjempe bra til og hørtes kjempe fin ut! So keep up the good work, gled dykk kjære borgarar!
|