borgfhs
KOSTYMENE ER I RUTE
Written by Linn Slettevoll   
Wednesday, 11 November 2009 01:00

Arbeidet går framover og I DAG skal vi sjå korleis det går med kostymegruppa. Når vi kjem inn, er alle opptatte med måling, klipping og sying. Dei jobbar iherdig og resultatet er at mange av kostyma byrjar å bli ferdige. Her får Emilie representere den flittige kostyme-gruppa.

Det er lett å kjenne att jakka til kaptein Sabeltann, kjolen til Tingeling, buksene til dei tre små grisane, osv.  Det blir nok ikkje noko problem å bli ferdig innan premieren.

Ellers har PR-gruppa i dag vore rundt og besøkt barnehagane som kjem hit og ser forestillingar mandag 16/11.

Vi var såklart iført dei nydelege hattane og kronene våra, og det var ein del ungar som ville prøve dei. Med kong Ottar som sjåfør, tok Borgny oss med på kryss og tvers rundt i området her og det vi gjorde var å dele ut plakatar, flygeblad og kart. Så no håper vi alle finn fram!