borgfhs
STORARTA FORELDREHELG
Written by red (txt), Jon Sigve Sundnes (pix)   
Friday, 27 November 2009 01:00

Internatet er fullt frå før, så dei tilreisande måtte finne seg eige krypinn. Men så snart dei var innanfor dørene på folkehøgskolen, vart dei engasjerte.

Ein og annan trengte ei foreldreteneste for å få fylt opp eit skap eller ei skuffe med saker heimanfrå. Og så var det festkveld og bysightseiing, lysbilete-show frå reiser og opplegg. Venar skulle bli presenterte. Solidaritet Reiseskolen var på pletten med sitt innsamlingsprosjekt. Og før faklane brann ut i natta, var det kos i peisestova.

Dei besøkande var altså gjennom eit omfattande program, men høgdepunkt var nok å oppleve 'sine eigne' i sving med musikal-gjennomføringa i gymsalen. Og aktørar og publikum sette tydelegvis pris på kvarandre.