borgfhs
TIPP PÅ HIP TUR
Written by red (txt), Eric L (pix)   
Friday, 04 December 2009 01:00

Målet var hytta til Ottar i Megardsdalen, eit enkelt og trangt krypinn for 15 gjestar, utan straum eller innlagt vatn. Men kva gjorde det når vi hadde vatn i bekken, stearin i staken og nøkkel til nabohytta også. Sjølsagt skulle vi hatt ski, men sesongen kom litt brått på oss, så vi vassa til lårhalsen i snø utan å klage.

Månen var spandabel med oss, sjøl om somme måtte nøydast ut frå kortstokken og yatsy-brettet for å oppleve stemninga. Eline leika i snøen. Eric og Halvard klatra til fjells. Helene og Guri bada i kuldegrader i elva kl 07 om morgonen.

Det enda med at vi døypte om Tipp Topp til Hip Hop. - Og vi var heime til Ord for dagen, neste dag.