|
Written by redaksjonen
|
|
Thursday, 21 January 2010 01:00 |
|
Dei kom sigande tidleg i veka, dei aller fyrste. Frå midt uti veka var temmeleg mange klemmar utveksla. Og så var det full rulle med mimring, replay på gamle sketsjar og filmar og historier og replikkar og eg veit ikkje kva.
Utpå fredagskvelden var begge kulla varme i trøya, og det vart utveksla ikkje så reint få (venlegsinna) skurkestrekar også.
Stor samlingskveld vart det laurdag, då fjorårsfolka fekk nyte års-musikalen, og highlights frå begge åra vart framførte på scena i gymsalen. - Og tvi reng vel ikkje nemne korleis tårene flaut og bølgja bølga då trillekoffertane og maxi-taxiane rulla ut frå Borg etter middag søndag.
Men der er vegar tilbake. Både seint og tidleg. Velkomne igjen. De er allereie sakna!! |