borgfhs
OVER DOVRE SOM PILEGRIM
Written by Sircon   
Monday, 27 September 2010 01:00

Og dette året stråla sola over oss kvar dag. Einaste skikkelege regnbyga kom medan vi hadde gudsteneste innandørs i Eysteinskyrkja.

Ganske imponerande å sjå over 100 i lang rekke på veg over Dovrefjell. Midt på dagen stansa vi og heldt bøn. Ein gong i stor ring, ein dag i pilegrimskyrkja og så på eit nedlagd småbruk midt på Vårstigen.

IMG_1148

Folkehøgskulen Rødde tok imot oss og gav oss husly siste natta. Elles sov vi utandørs. Og tradisjonen tru la det kvite frost-rimet seg på telta og lavvoane på Grønbakken. Folk bli vaksne av slike erfaringar.

IMG_1163

Og når Nidarosdomen tok imot oss for fulle klokker idet vi vandra inn over vestfront-plassen, var også stemninga på topp. Det gjekk i "Deilig er jorden" rundt domen. Og gudstenesta i Kapitelhusets kapell vart ei verdig avslutning på ein verdig tur.

IMG_1198