borgfhs
BORG PÅ SAGA-TOUR
Written by Sircon   
Sunday, 17 October 2010 01:00

 

Så har vi landa på sagaøya Island igjen. Heile Borg fylte mykje av eit Iceland-air fly idag frå OSL til Keflavik, og to bussar tok oss på første sightseeing hit til Reykholt.

Her ligg historie i jorda, svovellukt i lufta og røyk stig opp frå varme kjelder over alt.

Eit par historie-timar om norske kongesoger og det dramatiske livet til Snorre Sturlason ventar oss imorgon. Men det skal bli plass til det daglege heite-pottur-besøkjet også.

Vi har hatt det så travelt med å reise idag, at det har blitt lite fotografering. Men alle har det bra, sjøl om nokre slit med VISA-korta og andre med å dusje i svovel-lukta frå varmevatnet.

Oppdatering følgjer på Facebook. Følg oss og anna interessant frå Borgund fhs der.