borgfhs
Avslutningstid er bunadsesong
Written by ottar   
Tuesday, 17 May 2011 15:20

Det meste er 'same procedure as last year'. Det er mai-grønt i alle lier, og det er vakkert vèr, sjøl om regnbygene truga i horisonten heile dagen.

Alle er triste for at det beste året til no i livet er slutt. Men det vert lova gjensyn i alle retningar. Og langs vegen står både bunader og vanlege folk i stram opplining for å ta bølgen for alle som forlet tunet.

Dette året hadde skulen også Amerika-besøk denne helga. Ein delegasjon frå eit universitet i Minnesota, Winona State University, som både har teke imot USA-klassa vår i ei årrekke og som vi har hatt samarbeid med om tur-arrangering på andre kontinent. Her poserer dei som budeier i ein regntung Norangsdal. Det er søndag, og også himmelen sørgjer over at skuleåret er slutt .