borgfhs
Borg-runde på Runde
Written by Ottar   
Monday, 09 May 2011 08:23

Runde har lenge vore kjend for fuglar og fisk. No har også Rundeskatten kome til overflata. Vi fekk ta i augesyn gull- og sølvpengane frå den nederlandske handelsskuta Ackerendam som forliste her ute for snart 300 år sidan. Runde miljøsenter slo til: "Gullet ska hem!" Dei drog til Bergen og henta det.

Elles stod naturopplevingane i høgsetet for oss. Utsikta. Fugleskrika. Kysten. Havet. Grillinga i Mulevika. Dukkert i Nordsjø-bølgjene i berre undertøyet. Ein perfekt dag i perfekt lag.

Er dette tennvæske eller brannslukning, Ato?