| Oppå fjellet, oppå fjellet |
| Written by Ottar |
| Thursday, 24 February 2011 16:40 |
|
Denne veka drog heile skolen til fjells. Vi kunne ikkje ha vald ei betre veke. Fantastisk skiføre, sol kvar dag. Vi hadde nesten ikkje tid til å vere på den vakre Orreneset-hytta, for vi var ute frå morgon til mørkret kom. Kaldt, men vakkert vinterver og heidundrande skiforhold. I pausen var det pølsegrilling i snøen. Kveldane underheldt vi oss sjølve med elevkveldar som swinga seg. Torsdags ettermiddag kunne vi ikkje forstå at det hadde gått tre dagar.
|





