| ... og breiflabb over alt |
| Written by Ottar Myrseth |
| Sunday, 06 February 2011 00:06 |
|
Fascinerande å kunne klappe breiflabben på ryggen, betrakte sildestimen og storkummen med masse torsk, piggskate, sei og storkveite. Den som kunne vere dykkaren som fekk handmate dei med fersk akkar! Vi måtte nøye oss med med foto-anledninga. Det er stort sett Atlanterhavsmiljø i kummane på dette akvariet. Godt å kunne ha torsken og seien og skreien og flyndra og storkveita bak ein 26 cm tjukk og 10 m høg glasvegg. Inne hadde vi det tørt og varmt, men det går vinter-stormar over Nordvestlandet idag. Kjekkast å kunne berre betrakte, og sleppe slåss med storbåra som bryt utanfor dammen til pingvinane på Atlanterhavsparken. Dagens spørsmål: Kva heiter Norges største fiske-eksport-by? Startar med Å. Fotograf idag: Kjersti Våg.
|



