borgfhs
2011-2012
"DØREN LÅSES, PORTEN LUKKES"
Geschrieben von: ottar   
Samstag, den 19. Mai 2012 um 11:13 Uhr

Så er det over. Somme lengtar allereie tilbake til gode gamle Borg, eller i alle fall til alle folka der. Lærarane og stippane fekk tårene fram då dei rulla ut dette banneret frå galleriet under "døren låses, porten lukkes"-songen. Og kanskje det var meininga?
Men det er heilt sant det som står skrive.

- Og så er det berre knapt 8 mnd til fjorårs-treffet!

 
BORG-MEISTERSKAP I FOTBALL: USA slo alle
Geschrieben von: ottar (txt), jens (photo)   
Mittwoch, den 09. Mai 2012 um 21:15 Uhr

Så glad kan ein hedmarking bli når USA-klassa slår alle. Dei hadde storsigrar bak seg, 10-0 og deromkring. Men til sist vann dei også over personalet i finalen.
No er dei Borg-meistrar i fotball, også.

Weiterlesen...
 
RUND(e)TUR
Geschrieben von: ottar (txt), matthias (photo)   
Mittwoch, den 09. Mai 2012 um 09:49 Uhr

IMG_2086_result

Ingen klagar på utsikta på fugleøya Runde. Somme klagar på veret, men ikkje idag. Med grill, varme kle og sitjeunderlag vart det både trivsel og fuglelliv.

Weiterlesen...
 
Ikkje for pyser!
Geschrieben von: ottar (txt), synne (photo)   
Samstag, den 28. April 2012 um 22:59 Uhr

Aldri har så mange blitt så våte i så ugjestmilde snøbyger for å hjelpe så mykje!

Bak ryggen på fiskarkjerringa på Kiperviktorget hang einaste banneret som overlevde. Medan trafikken stod stille og venta på brøytebil på Ørskog-fjellet, bølgjene gjekk høgt på Borgundfjorden og snøbygene piska mellom Jugendstil-husa, gjennomførte Borg-elevane det årlege sponsorløpet til inntekt for CHRISC-prosjektet i Kenya som om ingenting ekstra stod på. Kven skulle trudd at suraste, sintaste, våtaste og villaste laurdagen sidan jul skulle kome akkurat idag!

Weiterlesen...
 
«StartZurück12345678910WeiterEnde»

Seite 1 von 19